Tirsdag 30 Juni
Kl. 17:30 - 21:00, Nordmellomgarden 118
Vandretur #1 - Lurås
Vandreturnéen «På sporet av Hilme og Lurås» startar med utandørskonsert på Miljom-Lurås. Med hardingfelespel, historier og vandring blir publikum invitert inn i møtet mellom to av dei store tradisjonsberarane i norsk folkemusikkhistorie.

Vandreturné #1 – Lurås markerer starten på ei heilt spesiell musikalsk reise gjennom tradisjon, landskap og historie. I tunet på garden Miljom-Lurås blir det konsert med Per Anders Buen Garnås og Sivert Holmen, med utgangspunkt i møtet mellom spelemennene Knut Lurås (1782–1843) og Jørn Hilme (1778–1854).

Både Lurås og Hilme var kjende som vandrande spelemenn. Dei gjekk lange avstandar, samla inn låttar og forma musikktradisjonane der dei ferdast. På eit tidspunkt møttest dei og utveksla slåttar – spor ein framleis finn att i slåttetitlar som «Luråsen» og i felleslåttar frå Tinn og Valdres.

Konserten tek inspirasjon frå dette historiske møtet, og gjennom slåttespel og forteljingar vil Garnås og Holmen formidle musikken, tradisjonane og menneska bak.

Medarrangør er Lure Historielag, som held eit kort miniføredrag ved starten av konserten. Det blir servert kaffi og noko å bite i, og arrangementet går føre seg utandørs.

Konserten markerer også starten på Sivert Holmen si store vandreturné i 2026. Frå Lurås skal han gå til fots heilt til Fagernes i Nord-Aurdal – ei rute på over 20 mil – med åtte konsertar undervegs.

Praktisk informasjon

  • Oppmøte for vandring: kl. 17.30 ved Lurestogo (Lurefoss)
  • Dato: 30. juni. konsert kl. 20.00
  • Stad: Miljom-Lurås
  • Billettar:
    • Vaksne: 200 kr
    • Ungdom/student: 100 kr
    • Barn under 12 år: gratis

Publikum er også inviterte med på vandring før konserten. Turen går frå Lurefoss til Miljom-Lurås med guiding og musikalske innslag undervegs i roleg tempo.

Arrangementet er støtta av Kulturrådet.


Billettersivertholmen.ticketco.events/no/nb/e/vandreturne_1__luraas


2026 © Rjukan og Tinn Frivilligsentral